For ei tid tilbake kjøpte Ingunn armringar som ho meinte Sofie kunne byrje å bruke. Eg slakta innkjøpet og viste til «aldersgrensa» på pakken, som indikerte at ringane passa for born over 3 år.
I helga vart vi invitert med nokre avdanka utsendingar til deira stamhotell på kysten, knappe 3 timar herifrå. Hotellet hadde to symjebasseng – eitt lite og grunt, og eitt stort og djupt. Sjølv med armringar heldt Sofie seg i det lille. Men vi måtte jo prøve å ha ho i det store. Det gjekk slik:
Når symje- og flyte-eigenskapane viste seg å vere så gode, sette det grillar i hovudet på far. Oppdrifta viste seg jo å vere solid, og i badebassenget heime har vi øvd på å dukke. Dermed var neste steg klart:
Dette såg ut til å gje meirsmak, for etterpå skulle ho nemleg uti på eiga hand:
Eg kryp til krossen og innrømmer at armringane var eit lurt innkjøp. Eg innser at eg ikkje lenger alltid har rett i alt og bøyer meg herved i støvet for Ingunn og morsvisdomen hennar.
Det ser no faktisk deilig ut, sjølv om de ikkje har skiføre! Her sit eg og varmar føtene under varmebordet…
Eg kan bekrefte at det var deilig!
So store ho he blitt…
Gleda mej til dokke kjem heim på besøk
Hey, what a nice family, i can see that Sofie is going well in swimming. She need to train me as well
How is third doing ???
Elakeba
When we come to the Gambia in 2016, she will teach you!
KJEKT!!!