Carnaval

Opprettet av den 22. februar 2012

I går og i dag, 20. og 21. februar, var det karnevalsdagar i Ecuador. Det var offentlege fridagar – som må jobbast inn igjen (jf Feriado-innlegget). Vi tok difor turen til fjells på fredag for å sleppe unna varmen i Guayaquil nokre dagar. Vi sjekka inn på eit hus som nokre kjentfolk av Ingunn leiger ut til interesserte. Familien Aandstad hengte seg på, og saman «feira» vi Carnaval. Det går an å få kjøpt karnevals-skum på boks – ikkje ulikt barberskum – og Ingunn tok på seg rolla som den spreke tanta og hadde krig med unge herr Oliver.

Sjå fleire bilete i fotoalbumet til høgre på sida!

Etter krigen tok vi turen til Cañar, 3000 moh og barndomsbyen til Ingunn. Ingunn var lokal guide og tok oss med på indianarmarknaden der, før vi tok turen vidare til Ingapirca – eit arkeologisk område med gamle ruiner frå Cañaris- og MayaInka-folket. Sofie var ikkje så interessert i å gå og rusle med vaksne folk og nekta plent å leie andre enn unnge herr Oliver.

Etter å ha teke farvel med familien Aandstad, kom familien som for tida bur i huset vi budde i, heim att. Han er Ecuadoriansk, ho er norsk, og saman har dei ei dotter som er éin månad eldre enn Sofie. Dei fann fort tonen, og Sofie vart mellom anna introdusert til trampolinehopping, til stor begeistring!

Vi fekk fire gode dagar til fjells med total avkopling og nedkjøling, så no er vi klare til å ta fatt på resten av vårsemesteret her nede i det varme låglandet. På veg ned att frå fjellet hadde vi denne utsikta. Berre den er vel nok til at det freistar å ta seg ein tur, eller hur?

Sjå fleire bilete i fotoalbumet til høgre på sida!

2 kommentarer til Carnaval

  1. Bjørnar

    Maya kultur på Ingapirca! Tøfft! Dette er ny og spennende informasjon! Håper dere hadde et morsomt karneval!
    Bjørnar

    • Bjørnar

      Hehe, gjekk litt fort der, ja! Eg legg meg flat og tek fulsltendig sjølvkritikk! Inkaene må for all del ikkje forvekslast med mayaene!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>